På den lille øya Møkster, ytterst i havgapet
sør-vest for Bergen kan du 9. august 2025 løpe Møkster Maraton (42 km),
Møkster 1/2-maraton (21 km) Nautisk Maraton (4,2 nautiske mil- 7814,5 m).
 

Eit maraton utenom det vanlege

Møkster Maraton vart arrangert for første gong lørdag 4. august 2012. Det vart ein uforglemmeleg dag for arrangører, tilskuarar og løparar. Ein liten folkefest! Vi gler oss alltid til neste gang. Sjølve Møkster er ei vakker, lita øy ytterst i havgapet. Kanskje ikkje den åpenbare staden å arrangera eit maraton. Men, kvifor ikkje? Øya ligg i Austevoll kommune, sør for Bergen. Du finn storslått natur, gjestehavn, butikk og restaurant. Her er ca 35 fastbuande, ein stor hyttegjeng, alle med en høg prosent ildsjeler. 

Løpa går over mark og veg, asfalt og grus, gjennom gardstun og langs gamle gardsvegar. Så absolutt ei oppleving utanom det vanlege.

Møkster Maraton, 42 km, 10 rundar. Start 12.00.

For 3. gang ver det óg arrangert Møkster1/2 maraton, 5 rundar.

Og som alltid det unike løpet: Nautisk Maraton, som er 7,8 km (4,2 nautiske mil) (Maks 120 deltakere).

Det vil også vera eit barneløp for dei minste, ingen påmelding, berre møt opp.

Påmeldingkontigenten for maratonløpet (42 km) inkluderer middag, drikke, kake, kaffe i kafeen etter målgang. Åpen kl 12.00-17.00, middag fra kl13.00. + gratis inngang på arrangement kl 20.00.

Påmeldingkontigenten for 1/2 maratonløpet (21 km) gir 1/2 pris på arrangement kl 20.00 ved kjøp av billett ved inngang eller ved påmelding.

Klokka 20.00 blir det arrangement i «Pakkeriet» (egen kai for de som kjem med privatbåt).

Alle løparar får flotte, forseggjorte medaljar med logo. Villsauskinn til kvinne- og herre-vinnarane på Møkster Maraton , Halv maraton og Nautisk maraton. Ellers fine premiar med logo. 

Spørsmål til:
mokster.info@gmail.com